Ledig stilling

Rekneskapsførar og personalmedarbeidar

Hendug søker etter ein ny kollega som kan ta seg av rekneskapen, praktisk personaloppfølging og kanskje noko til?

Sigrun S. Harham portrettfoto

Hendug tilbyr deg

  • Konkurransedyktig løn, bonus og utvida pensjonsordning
  • Unike arbeidsdagar med faglege utfordringar og varierte oppgåver
  • Ein Miljøfyrtårn-sertifisert og trygg arbeidsplass med fokus på HMS
  • Godt arbeidsmiljø med norsk som arbeidsspråk, og knakande flinke og trivelege kollegaer i alle aldrar og med godt humør!

Krav til deg

  • Utdanning og erfaring som rekneskapsførar og gjerne kjennskap til bruk av PowerOffice Go
  • Blid, godt humør og serviceinnstilt
  • Vera nøyaktig og opptatt av kvalitet og at ting er på stell
  • Sjølvgåande, løysingsorientert og god til å samarbeide

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Føre rekneskap i PowerOffice Go
  • Oppfølging av økonomi: Køyre løn, fakturere og betale rekningar
  • Praktisk personaloppfølging: Folk inn og ut av Hendug og i våre system, pensjons– og forsikringsordningar, sjukemeldingar og permisjonar, utdeling av kleu og verneutstyr, samt noko HMS
  • Ta i mot kundar og andre gjestar fysisk og på telefon
  • Litt forskjellig kontorarbeid, og kanskje kan du meir som Hendug kan ha glede av?

Praktisk

  • Stillingsprosent: 80-100% etter kor mykje du kan gjera for Hendug
  • Søknadsfrist: 1. september 2024
  • Oppstart 2. januar 2025 (eller etter avtale)
  • Moglegheit for heimekontor i blant
  • Send kortfatta søknad og CV ved å nytte skjemaet under eller send til post@hendug.no

Søknadsskjema