Om Hendug

Berekraft

Hendug er stolt av å vera Miljøfyrtårn og har vore sertifisert sidan 2021. Det stadfestar at me tek ansvar og jobbar systematisk og kontinuerleg med miljøforbetringar og grøn omstilling. Dette harmonerar også godt med vår visjon om at Hendug skal vera av dei beste i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta!

Dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta

Lokal arbeidskraft og produksjon

Hendug har heile tida hatt mål om å rekruttere lokal arbeidskraft, samt å handle kortreiste tenester og produkt så langt det let seg gjera. Noko som treff godt med omsyn til berekraft og lokal verdiskaping.

Konkrete mål som me jobbar systematisk med å nå: Mindre avfall, effektiv transport og logistikk av folk og materiale til og frå byggeplassar, redusert energibruk på kontoret og byggeplassar.

Me vil trekke fram vår lokale produksjon av hus og hytter i tømmer (laft eller stavlaft) som eit særs godt og miljøriktig alternativ. Trevirket vert i hovudsak henta frå skog i Buskerud, deretter turka og klargjort hjå lokalt sagbruk på Ål. Kortreist tømmer og arbeidskraft, samt materiale som bind opp mykje CO2 kjem godt ut i avtrykkskalkulatoren til Grønn Vekst.

Restaurering

Også restaurering og veling av tømmerhus og -hytter er eit berekraftig alternativ som Hendug har kunnskap og kapasitet til å utføre. Me har lokale handverkarar som i gjennom lang erfaring og jamleg kursing har spesialkompetanse på å restaurere tømmerbygg i laft og stavlaft.

Me meiner at det å ta vare på og modernisere eksisterande bygningsmasse, det som allereie er bygd, vert viktig framover. Rehabilitering og ombygging vil i mange tilfelle vera meir berekraftig enn å bygge nytt.

Ei berekraftig framtid

Hendug oppmodar, oppfordrar og utfordrar våre kundar og samarbeidspartnarar til også å ta steget mot ei meir berekraftig framtid!

Planlegge og utføre energi-tiltak og gjera klimatilpassing på eksisterande og nye bygg.

Miljørapport, mål og handlingsplan for Hendug ligg tilgjengeleg på Miljøfyrtårn sin nettstad, og dersom du har innspel til korleis me kan bli meir berekraftig, så ta kontakt med oss.

Logo Miljøfyrtårn