Hendug har lokal kunnskap og erfaring om topografi, klima og byggetradisjonar i Hallingdal, og nyttar lokal arbeidskraft og kortreiste råvarer når dette er mogleg.
Hendug har eigen produksjonshall på Ål, så i prosjekt der det er hensiktsmessig kan me produsere bygg i bindingsverk (elementproduksjon) og i tømmer (laft eller stavlaft) i hallen, for så å transportere og sette opp bygget der du vil ha det. Restaurering av eldre og/eller verneverdige bygg i tømmer skjer også i hallen dersom det ikkje må gjerast der bygget står.
Ei god oppleving med Hendug
I Hendug er me ikkje berre opptatt av kva me leverer, men også av korleis me leverer våre produkt og tenester. Du skal sjølvsagt vera trygg på at me leverer til avtalt tid, kvalitet og pris, men som kunde hjå Hendug skal du også ha ei god oppleving frå fyrste møtet til oppdraget er ferdig, og deretter når du tek bygget i bruk og skal halde det vedlike.
Du kan velge å bruke Hendug på delar av prosjektet, som rådgjevar eller koordinator, eller du kan få Hendug til å køyre og leie heile prosjektet frå fyrste spadetak til nøkkelen står i døra (totalentreprise).
Hendug har over tid knytta til seg dyktige samarbeidspartnarar og leverandørar med riktig kvalitet og pris på sine produkt og tenester, og som i fellesskap vil levere som avtalt med deg.