Tenester
Laft og tømmer
Hendug har ein eigen hall for produksjon av tømmerhytter og – hus i laft og stavlaft, eller kombinasjonar av desse tradisjonelle byggeformene, samt restaurering.
Tenester
Hendug har ein eigen hall for produksjon av tømmerhytter og – hus i laft og stavlaft, eller kombinasjonar av desse tradisjonelle byggeformene, samt restaurering.
Tømmeret vert bearbeida for hand, sokalla handlaft, noko som gir bygga unik utsjånad, større moglegheit for tilpasningar, samt kvalitet i henhald til norske krav for hus og hytter i tømmer.
Trevirket vert i hovudsak henta frå skog i Viken, deretter turka og klargjort hjå lokalt sagbruk på Ål. Kortreist arbeidskraft og tømmer, altså materiale som bind opp mykje CO2, er eit godt og miljøriktig alternativ. Sjekk avtrykkskalkulatoren til Grønn Vekst.
Når bygget er rulla ned (demontert) og pakka i produksjonshallen på Ål, vert det transportert og rulla opp (montert) kvar det måtte vera i landet.
Avdelinga tek også på seg restaurering av verneverdige og freda bygg i tømmer. Vurdering og prioritering av tiltaka vert gjort i samråd med eigar av bygget og evt Riksantikvaren, og må i mange høve skje der bygget står.
Hendug er medlem av Handverkslaget «en nasjonal organisasjon opprettet og driftet av tradisjonshandverkere, som skal ivareta og løfte fagene og utøverene av det tradisjonsbundne handverket i Norge«.
Her er eit lite utval av hus og hytter i laft og tømmer, som Hendug har vore med å bygge: