Om Hendug

Sertifiseringar og godkjenningar

Om du ønsker å nytte eit byggefirma som har sertifiseringar og godkjenningar på stell, og som leverar med omsyn til norske forskrifter og kvalitetsstandardar, så er Hendug eit godt og trygt valg. Hendug har mykje erfaring og verdifull kompetanse, og noko av dette er formalisert gjennom følgjande sertifiseringar og godkjenningar:

Eurofins RadonLab merke

Eurofins RadonLab

Fleire tilsette i Hendug har gått kurs hjå RadonLab og kan utføre målingar og tiltak for å omgå og/eller redusere stråling i bygg.

Vi har lærling: Godkjent Lærebedrift

Godkjent lærebedrift

Hendug har fokus på å lære opp og rekruttere nye tilsette og har eit godt samarbeid med Ål vidaregåande skole og ByggOpp (opplæringskontor). Hendug har over tid leia mange lærlingar fram til fagbrev som tømrar og er godkjent lærebedrift.

Handverkslaget merke

Handverkslaget

Hendug er medlem i Handverkslaget og gjer mykje restaurering av bygg som er freda av Riksantikvaren eller som er definert som kulturminne.

«Handverkslaget er en nasjonal organisasjon opprettet og driftet av tradisjonshandverkere, som skal ivareta og løfte fagene og utøverene av det tradisjonsbundne handverket i Norge».

Mestermerke

Mester

Fagkunnskap gir tryggheit!

Hendug er meisterverksemd: Mesterregisteret

Her er ei god oppsummering av kvifor ein bør velge ein Mester: 13 gode grunnar

Miljøfyrtårn merke

Miljøfyrtårn

Hendug er Miljøfyrtårn-sertifisert og som Miljøfyrtårn tek me bærekraft på alvor, og jobbar kontinuerlig med nye miljømål og -forbetringar. Hendug jobbar systematisk og kontinuerleg med tiltak innan område som innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.
Les miljørapporten til Hendug her.

Sentralt godkjent godkjenningsmerke

Sentral godkjenning / Godkjenning for ansvarsrett

Godkjenningsbeviset avspeilar føretaket si gjennomføringsevne og samla relevant fagkompetanse hjå alle tilsette.

Det vert stilt krav om styringssystem med gode rutinar og sjekklister som er tilpassa føretaket sitt virke og godkjenningsområda ein søker sentral godkjenning for.

Her ser du kva for funksjonar og fagområde Hendug har godkjenning for: Lenke til registeret