Tenester

Laft og tømmer

Hendug har ein eigen hall for produksjon av tømmerhytter og -hus i laft og stavlaft, eller kombinasjonar av desse tradisjonelle byggeformene, samt restaurering.

Kontakt Hendug
Laftahytte Havsdalen Sven Gundersen
Dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta

Handlaft

Tømmeret vert bearbeida for hand, sokalla handlaft, noko som gir bygga unik utsjånad, større moglegheit for tilpassingar, samt kvalitet i henhald til norske krav for hus og hytter i tømmer.

Trevirket vert i hovudsak henta frå skog i Viken, deretter turka og klargjort hjå lokalt sagbruk på Ål. Kortreist arbeidskraft og tømmer, altså materiale som bind opp mykje CO2, er eit godt og miljøriktig alternativ. Sjekk avtrykkskalkulatoren til Grønn Vekst.

Lenke til avtrykkskalkulator

Når bygget er rulla ned (demontert) og pakka i produksjonshallen på Ål, vert det transportert og rulla opp (montert) kvar det måtte vera i landet.

Restaurering

Avdelinga tek også på seg restaurering av verneverdige og freda bygg i tømmer. Vurdering og prioritering av tiltaka vert gjort i samråd med eigar av bygget og evt Riksantikvaren, og må i mange høve skje der bygget står.

Hendug er medlem av Handverkslaget «en nasjonal organisasjon opprettet og driftet av tradisjonshandverkere, som skal ivareta og løfte fagene og utøverene av det tradisjonsbundne handverket i Norge«.

Les meir om restaurering
Restaurert hallingstugu

Utvalte prosjekt

Her er eit lite utval av hus og hytter i laft og tømmer, som Hendug har vore med å bygge:

Sjå fleire referanseprosjekt

Er det noko anna me kan hjelpe deg med?

Restaurert loft

Restaurering

Les meir
Hus på Ål Arkitekthagen

Arkitektteikna hus og hytter

Les meir
Kjøkken Os Trekultur

Serviceavdeling

Les meir