Om Hendug Bygg
Dei beste folka i Hallingdal til å bygge unikt, godt og framtidsretta
Me er sikker på at flinke tilsette og godt arbeidsmiljø gir gode faglege prestasjonar i form av prosjekt og leveransar, og gjennom dette kundar som får ei god oppleving, eit godt produkt og vert fornøgde.
Hendug har naudsynt lokalkunnskap om klima, topografi og byggetradisjonar, samt nyttar kortreist og lokal arbeidskraft, råvarer og samarbeidspartnarar når det er mogleg og hensiktsmessig.
Med erfarne fagfolk har Hendug fokus på kvalitet og bygger anneks, hytter og hus i tømmer (laft/ stavlaft) og bindingsverk, og tilbyr sine tenester i heile Hallingdal; frå Flå til Hol.
Hendug Bygg vart etablert i 2012 etter ei samanslåing av Grøthe og Furulaft, og vart med dette ein leiande aktør i byggebransjen i Hallingdal. Furulaft vart stifta i 1995 og Grøthe i 1981, så til saman gir det Hendug ein god porsjon erfaring.
Dei fusjonerte verksemdene hadde solid og sunn økonomi, og same styringsprinsipp er ført vidare med Hendug.
Hendug er eigd av dei tilsette. Dette gir motiverte tilsette og stabil arbeidskraft med fokus på langsiktigheit i drift og utvikling.
Hendug har tilsette med mykje erfaring og verdifull kompetanse, og jobbar kontinuerleg, målretta og langsiktig med å overføre dette til lærlingar og nye tilsette, slik at me unngår «forgubbing» og at viktig kunnskap går tapt.
Hendug er alltid på jakt etter nye, dyktige arbeidstakarar som kan styrke vår leveranseevne og ta del i eit godt og trygt arbeidsmiljø. Ta kontakt om du er interessert i å jobbe i Hendug: Ledige stillingar